Det blir feststund i kyrkja søndag 30. november kl. 11.00!
Søndag markerer vi eit stort jubileum i Geilo kulturkyrkje. Det er no 15 år sidan kyrkja opna dørene for første gong, og dette feirar vi med ei høgtideleg festgudsteneste etterfølgt av jubileumskaffe.
Gudstenesta blir leia av prost Kristoffer Lønning Tørressen, saman med Sven Giljebrekke og Kristian Mosvold. Musikken blir teken vare på av eit flott lag:
Solfrid Nestegard Gjeldokk på song, Sivert Holmen på fele, Espen Wensaas på gitar og Lars Inge Tverberg på orgel.
Vi markerer òg dåp denne dagen.
Vi ønskjer heile bygda velkomen til ei varm og feststemt markering – ei stund for takksemd, glede og fellesskap. Etter gudstenesta inviterer vi til jubileumskaffe, der vi kan møtast, minnast og gle oss over kva kyrkja har betydd for lokalsamfunnet gjennom desse 15 åra.
Vel møtt!
Foto: Rolf Magdal Aagaard