Andrea Søgnen og Lars Fivelstad Smaaberg


Andrea Søgnen og Lars Fivelstad Smaaberg


Søndag 2. august i Geilo kulturkyrkje.  

Søndag 2. august kl. 19:00

Geilo kulturkyrkje

Billettpris: 270,- ordinær/50,- barn, ungdom og student

 


Det blir ein unik og flott konsert når to av våre beste folkemusikare kjem til Geilo kulturkyrkje under Nasjonalparkdagane. Andrea Søgnen og Lars Fivelstad Smaaberg er begge frå Gol, og har dei siste årane markert seg sterkt blant dei fremste utøvarne innanfor folkemusikk- og folkedansmiljøet.

 

Andrea Søgnen (25) frå Gol er ein av landets fremste langeleikspelarar. Ho er ein ettertrakta musikar, formidlar, dansespelar og den utøvaren som i dag står sterkast forankra i langeleiktradisjonen frå Hallingdal. Ho har ein særeigen spelestil som formidlar langeleikens klangmoglegheiter, groove og strøkbruk. Lyttarar beskriv at ho banar nye vegar innan langeleikspelet og opnar dørar til uoppdaga tonerom.

 

Andrea er den fyrste med bachelor i folkemusikk med langeleik som hovudinstrument, som vart fullført i 2023 ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland. Ho har motteke ein rekke utmerkingar slik som Statens kunstnerstipend (2025) og sigrar på landskappleiken i 2019, 2024 og 2025.

Med røtene godt planta hallingtradisjonen, er Lars Smaaberg med si unike og klangfulle stemme ein viktig berar og formidlar av lokale kvedartradisjonen. Han veks opp på Gol i Hallingdal der han har sitt musikalske utgangspunkt, før han studerte musikk på Raulandsakademiet og historiegrad i Bergen.


Som ein energisk kvedar og dansar i klasse A er Lars ein ettertrakta scenisk formidlar og instruktør for både born og vaksne. Den mjuke røysta, dei spennande sogene, og klare tonane må opplevast!

 

Tilbake