Endeleg - nå blir det sommerkonsertar i Holsbygda igjen! Den populære konsertserien vil ikkje bli i gamlekyrkja som vanleg, men vert flyttet utandørs til Hol bygdemuseum på Hagafoss. I år blir det kun to konsertar; Toradertrioen tysdag 13.juli og Morgonrode tysdag 20.juli.
Foto: Tobias Willumstad Myrland
Konsertane varar ca ein time. Kan vera lurt å ta med nokon fleir varme klær enn vanleg, og ha med noko å sitja på. Etter konsertslutt er det tid for svall, og til ein kaffe og kake som soknerådet i Hol og Hovet ordnar med.
Billettpris: kr 230,-
Held dykk ellers oppdatert på hjemmesidene: hol.kirken.no og geilo.no.
Toradertrioen - tysdag 13.juli kl 20:00
Toradertrioen spelte på Sommarkveld i 2019, og det vart ein slik suksess at me ikkje kunne noko anna en å invitera dei igjen.
Toraderen hadde vore mykje nytta rundt omkring på bygdene då tre karar frå Ål midt på 70-talet byrja med noko heilt nytt, nemleg fleirstemt samspel på torader. Sjølv i dag, 45 år etter oppstarten, blir Toradertrioen trekt fram som stilskapar og inspirasjonskjelde for nye generasjonar toraderspelemenn og –kvinner.
Besetningen me møter i dag er primus motor Thorleif Stave og Oddvar Fingarsen som begge har vore med heilt frå starten, Jostein Sørbøen som kom inn i 1979 etter at Ola Rygg måtte prioritera lensmanns-embetet framfor speleoppdrag og Tore Løvgreen som kom inn og forsterka laget sist på 70-talet. Eit av Noregs beste gamaldanskomp med Terje Tandberg på bass og Tor Bekkelund på gitar gjer lydbiletet komplett. Med dette skulle tonen vera sett.
Morgonrode - tysdag 20.juli kl 20:00
Etter å ha ventet et år kan me endeleg ønske Morgonrode til scenen på bygdemuseet. Dei hadde ei brakdebut med spellemannpris, Folkelarmpris-nominasjon og strålande kritikkar med den sjølvtitulerte produksjonen «Morgonrode» i 2019, og slepte i fjor sitt andre album.
Morgonrode er ein eldre skrivemåte for «morgonraude», den raude himmelen ved soloppgang, og er eit godt bilde på måten bandet lager folkemusikk på. Her står musikken fritt til å utfolde seg i nye himmelretningar etter kvart som soloppgangen tiltar og solstrålane brer seg utover dagen.
I bandet finn du nokre av dei mest kreative og ettertrakta musikarane i Noreg, og dei har etter eit aktivt konsertår vakse enda tettare saman. Med den klanglege rikdommen av tre feler, resonansstrenger, kontrabass og trommer, kombinert med energisk og godt driv, har Morgonrode spissa sitt særeigne uttrykk og høyrest no dei meir heilskaplege ut enn nokon gong.
Morgonrode er: Andreas Skår Winther - trommer, vokal Rasmus Kjorstad - oktavfele, fele, langeleik, vokal, munnharpe Selma French Bolstad - fele, oktavfele, nyckelharpa, vokal Fredrik Luhr Dietrichson - kontrabass, cello, vokal Helga Myhr - hardingfele, vokal
Takk til våre samarbeidspartnarar:
Ustekveikja Energi
Skue Sparebank
Hallingdal kraftnett
Elektro 12:24 As
Då er det berre å sette av 13. og 20.juli i kalenderen! Velkomen!