Utstillingsåpning «Noreg – eller Bjørnson med revolver»


Siste lørdagen i oktober er det åpning av Gabris & Holmefjord`s utstilling «Noreg – eller Bjørnson med revolver». Utstillinga er eit samarbeid mellom slovakiske Matej Gabris og Morten Holmefjord.

 

Geilo kulturkyrkje

Lørdag 29.oktober kl. 14:00


Gabris ser nasjonen utanfrå som ein romantisk draum, mens Holmefjord ser landet vårt innanfrå med sitt olme vestlandske blikk. Saman har dei laga ei utstilling som peikar - og sparkar - både innover og utover, samt i alle andre retningar.

Matej Gabris drøymde i unge år om å forfalske pengar for å bli rik. Heldigvis kom kunsten og tok han, og dei sju siste åra har trykking av sjølvdesigna pengesetlar vore levebrødet. Ein fanklubb på om lag 900 medlemmer står for storparten av inntektene, men setlane finn ein hjå samlarar over heile vera. Gabris har fått takkebrev frå Fidel Castro og hatt oppdrag frå sentralbanksjefen i Slovakia. I mai og juni 2018 vart ein pengesetel brukt som betalingsmiddel i Eikelandsosen.

Matej Gabris er oppteken av populærkultur, samfunnspolitikk og historie. Ikkje minst er Bjørnstjerne Bjørnson ein helt, mannen som snakka slovakanes sak før første verdskrigen.

Trass i eit konservativt uttrykk er Gabris ein europavennleg liberalar, samstundes som han brukar historisk innsikt og vennlegsinna ironi i verka sine.

Morten Holmefjord vart kjent då han gjorde heimkommunen Fusa til eige kongedøme i 2003. Under ei folkerøysting i 2005 (som Datatilsynet protesterte mot) vart kunstprosjektet røysta ned, sølvkrona søkt i fjorden og Holmefjord måtte dra i eksil i Uruguay. Der utgav han lokalavisa «Piriapolisposten» på norsk som hadde heile 70 abonnentar.

Holmefjord arbeider med blyant og motiv som tar utgangspunkt i ørsmå skisser frå skisseboka si som han dreg med seg over alt og til alle døgerets tider. I teikningane vil ein finne referansar til kyrkjekunst, avisteikningar og draumar.  

Utstillingen er åpen til og med lørdag 14. januar 2023. 

Tilbake