100-årsjubileum i Hol kyrkje


Hol kyrkje feirar 100-års jubileum i 2024, og sjølve hovudmarkeringa vert 4. - 6. oktober 2024, på datoen 100 år etter at kyrkja vart innvigd.

HOL KYRKJE 100 år

Før Geilo kyrkje/Ustedalen kapell vart innvigd i 1890 var Hol gamle kyrkje på 1200-talet den einaste kyrkja i Hol Kommune og prestegjeld. Behovet for ei ny, og større kyrkje vaks fram, og den nye kyrkja vart innvigd sundag 5. oktober 1924. Den gongen møtte kring 1200 personar fram for å vera til stades under opninga, om lag 700 personar meir enn det er plass til i Hol Kyrkje.

Nøyaktig 100 år etter at Hol Kyrkje vert innvigd skal jubileet markerast gjennom ei heil med både konsert og festgudsteneste. Lokale musikarar og lokale musikktradisjonar vil vera sterkt representert på dette jubileet, og publikum kan få oppleve konsertar med både Frøy Hovland Holtbakk, Daniel Kvammen, lokale barnekor og folkemusikkgudsteneste med lokale musikarar.

Program for helga:

  • Fredag 4. oktober

Konsert med Frøy Hovland Holtbakk – Haugtussa (Grieg/Garborg)

  • Laurdag 5. oktober

Konsert i Hol kyrkje med Daniel Kvammen (med band og barnekor)

  • Sundag 6. oktober

Festgudsteneste i Hol Kyrkje. Høgmesse med folkemusikkliturgi og musikalske innslag frå lokale musikarar.

Om konsertane:

Frøy Hovland Holtbakk er songar og lyrisk sopran frå Skurdalen og er for tida tilsett solistpraktikant på Den Norske Opera & Ballett

Frøy Hovland Holtbakk har utdanning frå Bårdar Akademiet, Barratt Due musikkinstitutt og frå Operaakademiet i København der ho var ferdig utdanna i 2019. I 2017 debuterte ho som Papagena i Tryllefløyten ved Den Kongelige Opera i København. Til konserten i Hol kyrkje 4. oktober skal Frøy framføre dikt- og sangsyklusen Haugtussa av Arne Garborg og Edvard Grieg.

Daniel Kvammen med barnekor. Den folkekjære artisten Daniel Kvammen er sjølv frå Hol kommune og har ei stor tilhengjarskare både lokalt i Hol og ellers i landet. Daniel Kvammen er òg kjent som ein god representant for Geilo, Hallingdal og hallingdialekta og har i tillegg til sin ordinære konsertverksemd også hatt barnehagekonsertar for ungar i Hallingdal. Til denne konserten er får vi oppleve Daniel Kvammen med band og i samarbeid med lokale barnekor.

Festgudstenesta sundag 6. oktober vil i tillegg til sjølve gudstenesta innehalde Jo Asgeir Lie sin folkemusikkliturgi og fleire musikalske innslag fra lokale musikarar som mellom anna Lars Inge Tverberg, Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas.

Tilbake